Vêret

Utskrift

AKTIVITETAR OG FRITID

Bade:

100 meter frå hyttene er det sjans til å bade og hoppe og stupe i veg. Deilig saltvatn, brygge å hoppe frå, grunn strand for dei minste er ypparleg for deilige sommardagar ved sjøen.

Dei som ikkje vil bade, kan ligge på den store brygga og sole seg - eller kanskje fyre opp grillen som er tilgjengeleg for alle i fjordhagen.

På neset kor Ryfylke fjordhage ligg har du sola med degfrå ho står opp om morgonen til ho legg seg for kvelden. Her er ikkje mygg, så det er fint å sitje ute heile sommaren.

Fiske:

På Hebnes er det gode mulegheiter for fiske. Her kan du få torsk, sei, lyr og sild. Eller kva med sjølvfanga krabbe og iskald kvitvin til kvelds?

Har du ikkje båt sjølv, kan du leige av oss.

Tur:


Flotte turområde ligg til rette for deg som likar å røre deg og å vere ute i naturen. Området rundt fjordhagen eignar seg godt til turar for store og små som vil spasere eller klyve i tre og hoppe frå stein til stein.

Ønskjer du større utfordringar, kan vi anbefale ein tur til Grytenuten. Det er høgaste punkt på plassen, og turen tar mellom 5 og sju timar. Les meir om den og andre turar på halvøya her.

Stranddalen i Suldal er og ein fantastisk tur, spesielt på seinsommaren og hausten. Kjem du til turisthytta i Stranddalen ein torsdag, kan du spise deira kjempegode komler!

Ski:

For dei som likar alpint er Sauda skisenter berre 50 minutt unna med bil. Sauda skisenter har blitt ein svært populær utfartsplass, og dei har knallgode nettsider kor du kan sjekke vêr, føre og temperatur.

Er du meir glad i bortoverski har vi Gullingen, eit fjellområde med flotte oppkjørte løyper heile vinteren.

Handel:

8 km frå fjordhagen er det daglegvarebutikk. Her er plass å leggje til med båt. Om sommaren er her gatekjøkken og lange opningstider. Det er og mange andre plassar å handle både klede, sportsutstyr, møblar og liknande.

KONTAKT

Ryfylke fjordhage

4235 HEBNES

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

959 69 809

   

Kart

Ryfylke fjordhage

 

 

... her kan du nyte livet med sol frå morgon til kveld,

bading for store og små, fiske frå land eller til sjøs,

vakre sommarnetter ein slettes ikkje kan sova bort ...

Kos deg!