RYFYLKE FJORDHAGE er eit hytteprosjekt i kolonihagestil. 26 hytter på festetomt til salgs - med båtplass.
Ryfylke fjordhage - di eiga hytte med:
- sol frå morgon til kveld og 100 meter til badestrand - ein hage kor du kan dyrke dine eigne grønsaker og kanskje nokre urter - plass til båten din eller ein båt til leige. Ryfylke fjordhage har alt dette og meire til!
Ryfylke fjordhage er eit felt med hytte og hage med ein kolonihage - profil. Her kan du få realisert hytte - draumen din, og du kan bade, fiske, sole deg, stelle i hagen, gå tur langs sjøen eller i heia, eller stå på ski om vinteren. Hytte - feltet ligg slik til at du får sol frå morgon til kveld. Landskapet er lett kuppert og innbyr til utfart så vel som kvile.
Ryfylke fjordhage ligg på Hebnes på Roipeidhalvøya i Suldal kommune. Du kan køyre ferjefritt frå Haugesund, Odda eller Sauda, og Stavanger ligg berre ein times tur avgarde med hurtigbåt. Det er gåavstand frå kaien til hytte - feltet (700 meter), så du treng faktisk ikkje bil. Nærbutikkane våre leverer varer mot bestilling! Ei hytte med hage hjå Ryfylke fjordhage er eit skritt nærmare draumen om det enkle, gode livet på landet.



